Konkurransen er slutt
Overskrift: Klesnor med tak
GDS-er: Nina Espeland
Stemmer: 0

Visninger: 174
Beskrivelse: Då eg bur på ein plass der regnet kjem både vassrett og loddrett store delar av året , var det viktig for meg å kunne ha ein plass der eg kunne henge opp kleda der dei kunne henge under tak. Sidan dette ikkje var mogleg å få til i tilknyting til huset, måtte eg ty til andre val. Min søken etter inspirasjon på klesnorer som kunne dekke mine behov, førte meg ingen stad. Eg valde difor å prøve meg på å teikne og byggje meg eit eigenhendig. Eg gjekk for spilar på kortsidene, og eit lite parti framme og bak for å kunne stive av bygget då vinden ruskar her på vestlandet. På taket har eg montert glasplater som er berekna på drivhus. Eg har montert beslag for å hindre vatn i å trekke inn i luftlommene i glasplatene. På eine sida har eg montert lys slik at eg kan henge opp klede sjøl når det er mørkt ute